Fjording - ein nordisk utfordrar på kremlikør

Kvifor lagar vi ikkje kremlikører i Norge eller Norden?

Sidan Baileys of Ireland vart lansert første gong i 1974 er det ingen næringsmiddelaktørar i Norden som har tatt opp konkurransen i kremlikørmarknaden. Paradoksalt nok; vi har jo overproduksjon av melk og rikeleg tilgang til god sprit. Kva stoppar oss eigentleg?

Vi veit at folk ønskar seg variasjon og utvalg når ein skal kose seg med mat og drikke. Men til forskjell frå øl-, vin-, akevitt- og whisky-segmenta, så er det lite spennande produktutvikling i europeisk kremlikørindustri. Og i Norden er det altså NULL produktutvikling!

Kremlikørmarknaden minner i grunnen mykje om korleis det såg ut i ølhyllene i dagligvaren for 8-10 år sidan. Nok merker å velge i, men alt smakar likt. I denne kategorien er det definitivt rom for nyskaping. Faktisk så har kategorien stivna såpass at ingen brukar krem- eller fløtelikør som begrep i det heile tatt, det er "Baileys" vi snakkar om.

I 15 år venta eg på at eit lokalt selskap eller to skulle ta opp konkurransen. Men sidan ingenting skjedde bestemte eg meg nyleg for å ta skeia i eiga hand. 

Kva skal Fjording tilby?

Baileys skal sjølvsagt utfordrast på si eiga heimebane - i det velkjente karamell-/sjokolade-/kaffekrem-segmentet. Men Fjording vil fokusere like sterkt på utvikling av spennande og unike kremlikørvariantar basert på typiske nordiske ingredienser. I regionen vår sit vi på fantastiske råvarer i form av frukt og bær, akevitt, potet- og fruktsprit, honning, nøtter osv. som harmonerer flott med fløyte. Desse ressursane vil vi utnytte. 

Fjording har oppskrifter på type kremlikørar som vil differensiere seg tydeleg i konkurranse med dei etablerte merka. I staden for å lage produkt basert på aromastoff- og konsentrat, skal vi rett og slett skape premium produkt gjennom mest mogleg ekte og naturlege ingrediensar.

ein fjording-likør skal skape aha-opplevingar

- "Har ikkje Baileys allereie laga den perfekte likør? Kva skal vi med alternative typar?"

- Vel, her er kvifor: Når Skandinaviske hotell- og restaurantar serverer sine mest genuine og autentiske nordiske måltid så har dei ingen lokale kremlikørar å tilby som avec. Kvelden må rundast av med noko standard utanlandsk drikke. Nedtur!

Og kven ønsker ikkje å prøve ein multekremlikør? Basert på lokalt eplebrennevin eller den erkenordiske akevitten? Ingen av dei store etablerte kremlikørselskapa rundt om på kloden føler seg forplikta til å lage noko slikt. 

Mange bartendarar, sommelierar og kokkar vi har snakka med har møtt ideen med entusiasme og support. Ledande aktørar i turistindustrien det samme: "Make it happen - våre turistar ønsker eit lokalt brennevinsalternativ til akevitten". Og så har vi alle typar vanlege folk, som kanskje aldri har sakna noko kremlikøralternativ - men som elskar å prøve noko nytt.

Fjording tek oppgåva!

Følg gjerne med i utviklinga her på nettsida eller meld deg på vårt nyhetsbrev. Snart er vi på eit Vinmonopol eller i ein restaurant eller bar nær deg :) 

Les gjerne denne bloggposten om då Fjording vann sin første internasjonale gullmedalje.