135.000,- til Fjording-donasjonar

Fjording-salet vart tredobla frå 2018 til 2019!

Det betyr at summen som vi skal fordele til gode fjordhestføremål også blir tredobla.

Vi som står bak Fjording-likøren har, som du kanskje veit, bestemt at det settast av 1 amerikansk dollar til fjordhestens ve og vel kvar gong vi sel ei 0,5-flaske. I tillegg set vi av 1 krone for kvar miniflaske (20 cl).

Les gjerne grunngjevinga for kvifor vi opererer med Fjording-donasjonar.

Totalen vart 135.000,- kroner til fordeling no i 2020.

Jippi!

Donasjonane

Summen er sjølvsagt ikkje all verda for kvar enkelt organisasjon som tek i mot støtte. Men kanskje kan det bidra til å gjennomføre eitt ekstra positivt tiltak for fjordhestane og dei som tek vare på dei?

Vi håpar i alle fall det. Og ikkje minst tenker vi på desse donasjonane som eit klapp på skuldra for god innsats.

Alle mottakarane av årets midlar har sørga for framifrå marknadsføring av fjordhesten, stimulert til bruk av fjordhesten blant unge, og bidratt til å sikre ei framtid for den raudlista nasjonalskatten vår.

Følgande organisasjonar er årets verdige mottakarar:


Toppbilde: Norsk Fjordhestsenter/Øystein Torheim


God fjordhesthelsing frå Øyvind og resten av Fjording-teamet!

Niniogeg.jpg