Fjordhesten - ein Bauta som kan falle

Dollar-donasjon til fjordhesten

Vi i Fjording skal donere ein amerikansk dollar for kvar flaske vi sel av kremlikørane våre. Til fjordhestvennlege initiativ. For vi meiner det trengs. 

Fjordhesten står på lista over trua artar i Norge. Der står den for øvrig ikkje aleine. Ein god, men alarmerande kronikk i Aftenposten nyleg fortalte at 28 av 38 norske husdyrartar deler denne skjebnen. I tillegg har vi alle dei små insekta, amfibia og nyttevekstane som forsvinn som følge av redusert andel kulturlandskap, drenering av myrer, flatehogst, gjødsling, bygging av infrastruktur og andre menneskeskapte initiativ.   

Fjordhesten er betre stilt enn storparten av dei andre artane på raudlista. Den har mange venner, den er vakker og rører ved kjenslene til folk - til forskjell frå mange av dei trua insekta til dømes.

Vi kan likevel ikkje ta det for gitt at den vil klare seg. Den har altfor lave fødselstal. Innavls-spøkelset heng tungt over fjordhestmiljøet. 

I konkurranse med mange andre gode prosjekt og tiltak på statsbudsjettet, så er det også ein årviss tradisjon å fremme forslag om kutt i støtta til dei nasjonale hestesentra

Vårt håp og ambisjon

Vi i Fjording trur det er behov for kommersielle aktørar som tek større ansvar for å ivareta artsmangfoldet rundt oss. Som bryr seg. Som tek valg som kanskje ikkje lønner seg på kort sikt, men som kan vise seg å vere nyttige i eit lengre perspektiv.

Kanskje burde vi eigentleg valgt å støtte initiativ som aukar oddsa til dei særs viktige villbiene og humlene - eller elvemuslingane. Men det får eventuelt bli seinare. Eller av andre aktørar.

Vi meiner at vår støtte til den symbolsterke fjordingen kan bli viktig nok i seg sjølv. At litt friske midlar til fjordhestentusiastar kan stimulere til auka bruk, aktivitet og avl. Og sjølv om verdien i reine kroner dei første åra ikkje vil utgjere all verda, er no eit klapp på skuldra for god innsats alltid kjekt å få.

På lenger sikt kan ein alltids håpe på at budskapet vårt kan få fleire til å sperre opp augene for viktigheita av biologisk mangfald på generelt grunnlag. 

Grunnfjellet og bautaen

Ein av mine tidlegare naboar på Hauane i Nordfjord, Anne Karin Løken, skreiv ein rørande songtekst til framføring i eit middagsselskap for fjordhestlaget i 2015. I eitt av versa står det følgande: 

"Fjordahesten var alltid den villige ven
ein bauta som berga vårt land
men ein bauta kan velte om grunnfjellet fell,
landet må no berge han"

Vi i Fjording vil i alle fall bidra med vårt - og håpar dei framtidige kremlikør-kundane våre vil sette pris på engasjementet vårt. Om du vil høyre heile den vakre songen så klikk deg inn på videoen nedanfor: