Mirakel

Vanlegvis ventar vi til våren/sommaren før vi annonserer kva slags fjordhesttiltak som får gåver basert på Fjording-salget året før.

Men nyleg kom det inn eit forslag frå fjordhestmiljøet som krevde rask reaksjon:

Ei sjeldan gulblakk fjordhesthoppe kalla Asplunds Mirakel var til sals. Tanken var at Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid burde sikre seg henne til formidlings- og avlsarbeidet sitt. Utfordringa var finansiering.

Difor kasta vi oss rundt og garanterte for kjøpesummen på 50.000. Mirakel blir levert til fjordhestsenteret no i desember - som ei ordentleg julegåve :)

Den totale gåvesummen til utdeling i 2021 ser ut til å hamne på rundt 175.000 kroner, opp 40.000 frå i år. Salet no før jul vil avgjere kor mykje det endar på til slutt.

Les gjerne om kvifor Mirakel er såpass spesiell i denne Sunnmørsposten-artikkelen.