Sørlandschips-moment

Dei fleste som er glad i god, norsk potetgull har vel på eitt eller anna tidspunkt fått med seg historia om korleis gründarane i Sørlandschips etablerte seg i Norge. Dei samla slekt og venner og køyrde rundt frå dagligvarebutikk til dagligvarebutikk, og innom alle kioskar dei passerte på vegen, og etterspurte Sørlandschips.



Åtte poser Sørlandschips takk. Hæ, hakke dere Sørlandschips? Kom igjen folkens, her legger vi ikke igjen fem flade øre!

Og rimeleg kjapt gjekk Sørlandschips frå å vere totalt ukjente til å kapre den hylleplassen og omsetninga dei fortjente.

Slik geriljamarkedsføring har eg sansen for. Kunne gjerne tenke meg å gjere noko tilsvarande sjølv også.

Det stikk nemlig litt i hjertet når eg kjem til eit pol og kun ser dei tradisjonelle irske, sør-afrikanske og tyske kremlikørmerka - og Fjording Hazelnut Caramel uteblir. Eg tenker då på alle dei potensielle Fjording-kundane som kjem innom polet på fredags ettermiddag før dei skal på hytta å kose seg, eller er bedt på innflytningsfest, og ikkje har vårt alternativ å ta stilling til. 



Då melder lysta seg. Til å oppsøke betjeninga og spørre;



- Har dokke ikkje Fjording?

- Unnskyld, hva sa du?

- Fjording? Dokke har vel Fjording inne? Den norske kremlikøren?
- Æh…
- Jammen, ærlig talt! Eg trudde dokke hang med på trendbildet her, eg. At dokke var oppdaterte og framme i skoa. Nysgjerrige på lokale nyvinningar. Dette var skuffande altså!



Og på den måten trykke på knappen som alle stolte faghandlarar misliker sterkt at blir trykka på; kjensla av at kunden veit meir enn dei sjølve.

Men dette har eg ikkje lov til. Grossistavtalen med Vinmonopolet seier klart og tydelig at slik påvirkning av tilsette i Vinmonopolet ikkje er ok. Og det respekterer eg sjølvsagt. 



Eg går stille forbi og minner meg heller på at Vinmonopolet på rekordtid er blitt Fjording sin største kunde. Og at Vinmonopolordninga faktisk er VELDIG alright for oss nye, små. 


Dessuten kan eg ikkje klandre butikkbetjeninga. Fjording er fortsatt ikkje veldig godt kjent. Det er eit ansvar som kviler på meg og mitt team. Dessuten er Fjording (enn så lenge) kun ei bestillingsvare.



Det fine med bestillingsvarer er imidlertid at kvar enkelt butikk kan velge å ta inn og plassere desse varene i hyllene sine, viss dei trur at produktet har appell i sitt nærmiljø. 



Klar for å møte Vinmonopolet på messe. Foto: Andreios Reyes Belaza (OHOI).

Klar for å møte Vinmonopolet på messe. Foto: Andreios Reyes Belaza (OHOI).

Heldigvis er dette noko eg får muligheten til å overbevise Vinmonopol-tilsette om i slutten av oktober. Då er det Vinmonopolmesse og mange vil få høyre om, og smake på, Fjording Hazelnut Caramel for aller første gong. Det gler eg meg veldig til! 



For Fjording blir dette eit ordentlig “Sørlandschips-moment”. 



Snakkast, folkens!

Toppfoto: Mali Konstad Brødreskift