2019 - ei oppsummering

Eg sit her på tampen av året. Dei siste rekningane blir betalt og dei siste bestillingane blir gjort. Eg tenker på året som kjem. Legg planar og drøymer litt.

Men fyrst; 2019. Fjording sitt fyrste heile år med likørsal. Det fortener å bli oppsummert.

Nervøs start

Eg var usikker i fyrste kvartal. Eg syns vi hadde kome greitt ut frå hoppkanten i 2018. Men hadde Fjording livets rett på lengre sikt? Salstala på nyåret var ikkje noko å hoppe i taket for. Tvert imot.

Erfarne bransjekollegaer trøysta og forklarte; «slapp av, slik er det for alle. Folk er på treningsstudio og har «kvite månader» no.». Eg syns det var vanskeleg å slå seg til ro med dei trøystande orda. Håp og optimisme vart utfordra av tvil og uro.

Vi hadde dessutan nokre parti med flasker i omløp der kvaliteten på printen/dekoren viste seg å vere altfor dårlig.

I denne perioden grudde eg meg faktisk til å gå inn på Vinmonopol og sjå om Fjording-flaskene stod der med skada print. Dette fenomenet hjelpte sjølvsagt ikkje på sjølvtillita, sjølv om eg visste at utfordringa var forbigåande.

Vi ville jo gjere så godt fyrsteinntrykk som mogleg. Ja, vi var heilt avhengige av det, tenkte eg.

Eit tøft val

Vi stod også overfor eit val som ikkje var så lett: Skulle vi prøve å skape større volum gjennom å utvikle og lansere fleire typar kremlikørar? Eller skulle vi fokusere beinhardt på å gjere Hazelnut Caramel meir attraktiv og kjend?

Vi landa på det siste alternativet. Fjording var blitt ein populær kremlikør på Nordvestlandet (takk og lov for det!), men i resten av Norge var det stort sett upløgd mark.

Vi tenkte også at «dersom vi ikkje klarar å skape entusiasme rundt originalproduktet vårt - som vi er særs fornøgde med - vil vi få store utfordringar med ei større portefølje».

Fjording som selskap er fundamentert på tre verdiar. F-en i Fjording står for Fryktlaus, D-en står for Dedikert, og G-en står for Godhjerta.

Her henta vi fram D-en. Vi skulle følge ein målretta plan.

Strålande sommar

Det var to konkrete forhold som var prekært å få styrka; kjennskapen til kremlikøren vår og distribusjonen. Det var for få nordmenn som kjente til oss, og det burde gå raskare å flytte kremlikøren rundt til kundane våre.

Ein snill, gamal ringrev i bransjen, Henning Bull, meinte han hadde ei løysing på begge desse punkta. Han sa eg burde snakke med Petter i Norwegian Beverage Group.

Henning hadde definitivt eit poeng. Via samarbeid med Petter & co ville vi få ein dyktig partner på marknadsføring av Fjording overfor Vinmonopol-tilsette og hotell-/restaurant. I tillegg ville vi få tilgang til Vectura-distribusjon, Norges mest effektive logistikksystem for alkohol. Vi vart einige om å inngå ein prøveperiode på samarbeid når hausten kom.

Og så kom gladmeldinga frå USA: Fjording hadde fått dobbel gullmedalje for vår kremlikør i San Francisco World Spirits Competition! Alle fagdommarane i den anerkjende konkurransen hadde smaka seg fram til at Fjording var av gull-standard. Med andre ord: Fjording var definitivt ein av dei beste kremlikørane i verda. Holy cannoli!, som dei seier der borte i Junaiten. Eg skalv kraftig i ein heil time etter at eg tok imot beskjeden.

Denne kåringa fekk vi heldigvis merksemd på i media. Alkoholbransjen får som kjent ikkje drive med noko form for marknadsføring, og vi får heller ikkje smykke produkta våre med gullmedaljar, så all spalteplass er kjærkome. Å bli intervjua i radio og på TV, ilag med vår kjære produksjonspartner Gardsbrenneriet, toppa kransekaka denne sommaren.

Ting flaska seg

Den dedikerte satsinga på Hazelnut Caramel utløyste også to nye tiltak på emballasjefronten: småflasker og kork med inkludert helletut.

Småflaskene introduserte vi for å senke terskelen for folk å teste ut Fjording. Det kan vere tøft for kundar å velge eit ukjent produkt med premiumpris. Men dersom flaska, og dermed sluttprisen ikkje er for stor, er risikoen langt mindre.

Ei lita flaske har dessutan andre bruksområder enn den store. Til dømes til småturane i skog og mark og som den koselege gåva å skjenke ein venn. Desse flaskene har fått gradvis meir hylleplass hos Vinmonopolet gjennom året. Det er vi glade for.

Kork med helletut på den store flaska, var ein idé vi fekk gjennom å sjå på olivenoljeflasker. Her kunne vi få fjerna utfordringa med slubbing og potensiell tilgrising av flaska. Vi fann ein leverandør som var gira på å hjelpe oss med dette, og gleda var stor når vi endeleg kunne tilby dette.

Om desse to tiltaka var avgjerande i forhold til å vinne den gjeve konseptprisen «Best Alcohol Drink» under World Beverage Innovation Awards eller ikkje, kan ein berre spekulere i. Men det var i alle fall inga ulempe.

Når enden er god...

I skrivande stund er eg letta. Den seige starten på året er blitt erstatta av ein hektisk, men vellukka innspurt inn imot jul og nyttår. Produksjonen har gått bra, samarbeidet med nye partnarar på sal og distribusjon har fungert fint (og vil bli vidareført), og vi har tredobla salsinntektene frå i fjor.

Vi kjem til å levere eit plussresultat. Og vi kjem til å ende opp med å donere ca. 125.000 kroner til Fjordhest-miljøet på bakgrunn av omsetninga vår i 2019.

Vanlegvis ventar vi til vårparten med å offentleggjere kven som skal få gåvemidlane, men i førgårs fekk eg eit innfall og tjuvstarta litt: Fjordhest-NM 2020 får tildelt 20.000,- av oss, og tilbakemeldinga frå arrangøren varma stort.

Eg tek jul no. Med rekordstort antal Vinmonopol med Fjording i hyllene, og stadig fleire restaurantar og barar på kundelista, trur eg vi har lukkast med årets strategi. Eg trur det er rom for Fjording kremlikør. At «The Dream of Nordic Cream» er liv laga.

God jul og godt nyttår til alle!

Er det Fjording på ditt lokale pol?

Sjekk gjerne her!